ATLAS - manifest presentert på Alrek helsedagar 2025

Tenk språk først – ATLAS-Leiden manifest

av Hilde Hofslundsengen

Professor Maria J. Arche, University of Greenwich (UK)
Publisert Sist oppdatert

Ein regnfull september formiddag i Bergen var det god temperatur og høgt engasjement i Glasblokkane på Haukeland. Tema var språkforstyrringar (DLD) og den manglande merksemda den usynlege vansken får – ikkje berre i Noreg, men i mange land.

Rundt ti prosent av barn og unge i skolealder har språkforstyrring, enten som DLD aleine eller assosiert med ein annan vanske. Til tross for at dette utgjer eit relativt stort tal barn og unge, er det framleis lav bevisstheit blant folk flest om kva det er, korleis vanskane kan bli gjenkjente og forståtte, og kva som kan vere god støtte. Mangel på kunnskap om språkforstyrring kan gje alvorlege konsekvensar, for eksempel manglande identifisering og/eller at relevant opplæring og oppfølging ikkje blir gitt. Store språkvanskar har vist seg å ha samanheng med åtferdsvanskar, skulefråfall, mental helse-problematikk og vanskar med å få arbeid. Kunnskap om språk og språkutvikling er sentralt i profesjonar innan helse, logopedi, lingvistikk og utdanning, og sjølv om språk kan seiast å vere eit komplekst fenomen som treng ulik kompetanse, så kan det oppstå barrierar mellom profesjonane.

Desse problemstillingane blei diskutert i ein paneldebatt under Alrek helsedagane, der professor Maria J. Arche, University of Greenwich (UK), leiar av NLF, Katrine Kvisgaard og professor Arve Asbjørnsen, Universitetet i Bergen, deltok.

Maria J. Arche, professor i lingvistikk, innleia debatten med å fortelje om prosjektet kalla ATLAS (Accessible Tools for Language Assessment in Schools) og ATLAS-Leiden manifesto: «Tenk språk først!». Målet med manifestet er å auke bevisstheita om språklege utfordringar, og, ideelt sett, skape ei verd der alle barn og unge får like moglegheiter til å nå sitt potensial. Det er eit opprop for at alle typar språklege behov skal bli sette og forståtte, for å sikre at dei som treng ein diagnose skal få det, og at det skal vere tilgang til språkleg støtte gjennom heile skulegangen for dei som treng det. Manifestet vart utvikla i samarbeid med forskarar frå ti land, og har fått støtte av over 60 ulike organisasjonar, deriblant House of Lords.

- Prosjektet starta gjennom at logoped og professor Karen Bryan (York st. Johns University) tok kontakt med meg for å få mine synspunkt. Då oppdaga vi at kartlegging av språk som logopedane brukte, ikkje var i tråd med funn frå lingvistisk forsking. Kunnskap om språkutvikling blir ikkje alltid formidla på tvers av fagdisiplinane, fortel Arche. Det er dessutan noko motstand mellom profesjonane, då kvar profesjon har sitt eige kunnskapsgrunnlag.

Hensikta med ATLAS er å lage ei tverrfagleg plattform der vi kan dele kunnskap om språk på ein effektiv måte. Gjennom å minske barrierar mellom ulike profesjonar som arbeider med språk, så vil det kunne føre til auka kunnskapsdeling og betre tenester. For eksempel har barnelegar i mange land lite kunnskap om språkutvikling - dei veit ikkje korleis dei kan diagnostisere og manglar verktøy i sin praksis.

- Eit anna viktig poeng for oppretting av ATLAS-prosjektet er mangelen på kunnskap om språkutvikling frå barna fyller seks år og oppover, fortel Arche vidare. Vi manglar gode kartleggingsverktøy til å vurdere språk, noko som igjen kan gi utfordringar med å avdekke vanskane og å setje inn passande tiltak.

Gjennom manifestet ynskjer ATLAS-prosjektet å skape auka merksemd om språk som er ein usynleg vanske, slik at lærarar, leger og andre profesjonar alltid undersøkjer språket først dersom det er noko form for vanskar hos barn og unge. Dette ynsket blir delt av leiar for NLF, Katrine Kvisgaard.

Katrine Kvisgaard, Marie Arche og Arve Asbjørnsen i paneldebatt

- Det er viktig for logopedforbundet å støtte ATLAS-prosjektet, for å oppdatere norske politikare og andre om DLD og skape bevisstheit om kor sentralt språk er for menneske sine liv. Vi har helselov, barnehagelov, opplæringslov, men samarbeidet mellom dei ulike profesjonane må styrkast. Det manglar kunnskap i samfunnet om kva DLD er, og det kan vere vanskeleg å skaffe hjelp til dei som treng det. I nokre kommunar blir logopedstillingar lagt ned, fordi det er ikkje er eit krav om logoped i kommunen. For barna med DLD trengst det endringar for å få eit best mogeleg tilbod.

NLF støttar ATLAS-manifestet og håpar at det kan bidra til å løfte problemstillingar knytte til DLD og andre område hos myndigheitene.

Kvisgaard er oppteken av kven som skal diagnostisere og kva rolle logopedar skal ha i Noreg. Det er òg noko som professor Arve Asbjørnsen problematiserer:

– Vi har for eksempel screening av språk på helsestasjonen for alle barn når dei er to og fire år. Men det er ikkje krav om logoped der og undersøkinga blir gjort av helsesjukepleiar.

Det er heller ikkje autorisasjonskrav til logopedar. Dei utdjupar at i norsk samanheng har logopedar som er med i NLF moglegheit til å skrive det som ei slags sertifisering, og på den måten ha ei form for autorisasjon og stadfesting av utdanning og praksis.

- Vi treng meir kunnskap om DLD, seier Kvisgaard, men vi treng også politisk påverking og innflytelse for å få til endring. Manifestet kan vere eit viktig steg i den retninga, og vi kan håpe at denne tenkinga kan bli innlemma i politiske dokument og rammeplanar framover.

Powered by Labrador CMS